Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

- Pol Pot gikk for fort fram

av Hans Petter

Røde Fane nr 5, 1979


Kampuchea-debatten held fram. Hans Petter imøtegår delvis LM, som hadde et langt innlegg i forrige nummer av Røde Fane. Han tar opp skuldingane om folkemord under Pol Pot og vedgår at det nok skjedde overgrep, sjøl om han avviser den massive hetsen mot Kampuchea. Han hevdar at det er naudsynt å diskutera dette heilt ope for å få fortgang i solidaritetsarbeidet. Han er kritisk til einskapspolitikken til Pol Pot, men held fast ved at hovedlina til Pol Pot var korrekt.

Kampuchea er i dag okkupert av Vietnam. Det er ei presserande oppgåve å utvikle eit landsomfattande solidaritetsarbeid for Kampuchea. Det er forskjellige problem som gjør at det har vori vanskelig å komma skikkelig i gang med eit slikt arbeid. Det viktigaste er dei motseiingane folk på venstresida har til Kampuchea under Pol Pot.

LM seier i Røde Fane nr 4, 1979 at han prinsipielt er imot ein slik diskusjon nå. Det syns jeg er eit dumt prinsipp. Skal vi få sving på Kampuchea-arbeidet, må vi ha denne diskusjonen nå.

Revisjonistane trekker samanlikningar mellom terroristen Idi Amin og Pol Pot, og mellom den tanzanianske invasjonen (okkupasjonen?) av Uganda og den vietnamesiske okkupasjonen av Kampuchea. Det er klart at dersom Pol Pot tok livet av 1-3 millionar kampucheanarar, stiller det det nasjonale sjølvstendet under Pol Pot i eit særs falmande lys.

I denne artikkelen vil jeg reise spørsmåla om vald i Kampuchea og einskapspolitikken til Pol Pot.

Folkemord eller sju drepne?

I nummer 1, 1975 av Fritt Kambodsja skreiv Vennskapssambandet Norge - Kampuchea (VNK) i artikkelen "Pressehets i norske aviser": "Det er bare de absolutte toppmennene Lon Nol, Sirik Matak, Son Ngoc Thanh, In Tam, Long Boret og Sosthene Fernandez (dessutan Lon Non) som er dømt til døden. Det skjedde på Kampucheas 2. nasjonale kongress ..." Altså sju av dei største quislingane. Dette standpunktet heldt VNK offisielt fast ved etter som det sto meir og meir i norsk og internasjonal presse om "folkemord" og "terror" i Kampuchea. "Imperialistiske løgner" kalla vi det.

Vi forsto ikkje revolusjonen godt nok

Krigen i Kampuchea 1970-75 er ein av dei blodigaste i historia. Talet på drepne varierer mellom 800.000 og 1,5 millionar av ei befolkning på om lag 7-8 millionar. Det er uråd å komma med eit nøyaktig folketal i Kampuchea, like så lite som andre land i den tredje verda. Det fins jo ikkje noe statlig eller kommunalt folkeregister. I Tanzania oppfordra styresmaktene folk til å halde seg utadørs den dagen folketeljinga skulle finne stad!

Tenk deg at kvart åttande/tiande menneske du kjenner blei drepen i Norge. Sjå deg rundt og tel! Eller tenk deg at alle innbyggjarane i Oslo blei skotne. Tenk deg i tillegg at 200.000 blei invalidisert, at alle byane blei bomba i filler, at jorda var full av bombekrater, at kommunikasjonsnettet var stansa opp. Legg til at kvinnene blei valdtatte, at folk lei av svolt og dødlige epidemiar. Da har du ei sammanlikning med Kampuchea rett etter krigen.

Likevel trur jeg det er ganske umulig for oss som ikkje har vori der, å tenke oss øydeleggingane. Det var mye verre enn i Nord-Norge 1944-45. Tyskarane tok tross alt ikkje så mange liv og dei bomba ikkje jorda. Det var verre enn i Vietnam og Laos. Verre enn i Tyskland og Polen. Alle dei amerikanske B-52-flya med 50 tonn bomber om bord blei satt til å bombe Kampuchea etter Paris-avtalen om Vietnam i januar 1973.

Bondekrig

Tenk på det hatet som var i det norske folket etter at vi hadde jaga ut tyskarane. 30 blei dømde til døden i Norge, men kor mange blei tatt av dage i det stille, tru? I Frankrike varierer talet på henrettelsar etter andre verdenskrig mellom 10. og 100.000.

Likevel var det ikkje samme slags krig dei førte i Kampuchea som vi førte i Norge. 85-90 prosent av folket var bønder. Dei fleste kunne ikkje lesa eller skrive. Dei hadde lita eller inga organisasjonserfaring. Frå historia kjenner vi til at bondekrigar er enda blodigare enn andre. Det skal ikkje skuslas under ein stol at det var ein opprørsk tradisjon i Kampuchea at ein tok livet av fiendane på ein grusom måte.

Kva skjedde så i Kampuchea? Dei viktigaste quislingane blei drepne. Og med full rett. Folket ville ha mista tiltrua til den nye regjeringa om ikkje forbrytarar a la Rinnan blei skotne.

Men utover det? Det skjedde vilkårlige drap. Talet kan vi ikkje seia så mye om, trulig tusenar. Det var bondemassane som gav uttrykk for det nesten utøylige hatet sitt ved å ta livet av gamle føydalistar, quislingar, blodsugarar og andre. Det meste skjedde i Battambangprovinsen mot Thailand, som var okkupert heilt fram til frigjøringa i 1975. Dessutan veit vi det skjedde i noen av provinsane mot Vietnam.

Var det lina til partiet at desse skulle drepas? Vi kan ikkje vera sikre, men trulig var det ikkje lina. I eit intervju med Le Monde 2. juni 1979 sa Kampucheas utanriksminister leng Sary at regjeringa ikkje ville seia frå seg ansvaret, men at drapa ikkje skjedde etter ordre.

Jeg vil legga til at VNK heile tida brakte vidare dei meldingane og dei synspunkta vi fekk frå Kampuchea. Ein ting var at desse ofte var alt for optimistiske. Noe som var alvorligare for oss var at vi ikkje hadde ei sjølvstendig vurdering av materialet. Vi godtok det meste utan å tenke skikkelig gjennom saka. Der vi var usikre på kva som var rett, forsvarte vi linna til Kampuchea utad.

Evakueringa

Var det ikkje andre årsaker enn hemn til at det skjedde vilkårlige drap? Jeg trur det.

La oss sjå nærare på evakueringa. Det var fleire årsaker til evakueringa. Det viktigaste var nok faren for kontrarevolusjon. Vi veit at CIA hadde detaljerte planar om det. Den andre årsaka var svolten. Det fantes verken mat eller vatn i Phnom Penh, på landsbygda fantes det små forråd, dessutan fantes det jord til å dyrke. Begge desse grunnane er gode nok til at evakueringa var riktig. Jeg trur ho var så fredlig som råd var. Vi skal hugse på at det var fleire hundre vestlige diplomatar og journalistar i Phnom Penh på den tida. VG hadde ein journalist der som ikkje såg massakre. Sjefen for hetskampanja mot Kampuchea, pater Francois Ponchaud, var der. Ingen kunne fortelje at dei sjølv såg massakrar eller terror.

Men det gikk rykte om det. Noe i desse rykta er det nok eit hårstrå i eller to. Det skal ikkje så mye fantasi til å forstå at mange av dei som opprinnelig budde i byen var rasande på evakueringa. I kva mon dei gjorde motstand og kva for konsekvensar det fekk, kan vi foreløpig bare spekulere om.

I alle klassesamfunn er det ei viktig underordna motseiing mellom by og land (landsbygda). Både i Khieu Samphan si doktoravhandling frå 1959 og i boka Det kooperative spørsmålet av Hou Youn (han var ein av leiarane under krigen mot USA, men dauda av sjukdom rett før frigjøringa) konstaterar dei at byane suger rikdom ut av Iandsbygda. Og det har dei rett i. Men dei overdimensjonerer denne motseiinga og hevdar for eksempel at arbeidarane i byane er med å undertrykke bøndene.

Dette ser jeg på som ein feilaktig analyse. Men dette synet heldt kommunistpartiet fram for bøndene og fekk trulig spontan støtte frå dei. Byen var jo først og fremst Phnom Penh. Det var der Lon Nol og dei andre quislingsjefane budde. Der var den amerikanske ambassaden som sendte bombefly over dei. Bøndene hata nok byen og dei som budde der. Dette er etter mi meining ei årsak til henrettelsar av folk frå byen.

Folkemord?

Det er på tide å svare på spørsmålet om det har skjedd vilkårlige drap i så stort omfang at vi kan kalla det folkemord. Svaret mitt er nei. Det fins ikkje grunnlag for å seia det.

Sjølv om landet isolerte seg alt for mye, var det heile tida delegasjonar som reiste rundt i Kampuchea. Det er ikkje mulig å skjule folkemord. Ikkje i våre dagar med satellittovervaking, flyktningar som kan fortelja til verdspressa osv. Flyktningane frå Kampuchea kan stort sett fortelje om arbeid. Noen av flyktningane ljuger bevisst. Det er slike som kjem på førstesidene i blada. Noen av flyktningane seier dei har sett drap, og det trur jeg dei har.

Delegasjonane som har vori i landet frå 1976 fram til okkupasjonen, fortel stort sett det samme. Dei såg ikkje redsla i auga på folk. Jeg står fast ved at det har vori ei imperialistisk hetskampanje mot Kampuchea.

Skal vi stø eller gå imot?

Vi må jo meine noe om dette. Folk her til lands lurer (med rette) på om vi som snakker om væpna revolusjon, vil drepe for fote her til lands om vi kjem til makta. For LM er ikkje dette eit problem. Skjedde det overgrep? spør han seg sjølv og svarar "Sikkert". Og så raser han vidare i den lange artikkelen sin.

Dette er for lettvint. Vilkårlige drap er ikkje noe populært, det har svekka Kampuchea internasjonalt. Vi må kunne prestere noe betre enn et oppgitt "sikkert".

Det var store diskusjonar om kva dei skulle gjera med kontrarevolusjonære i Kina etter revolusjonen. Mao oppsummerte han slik. "Når det gjelder kontrarevolusjonære som fortjener dødsstraff, skal en bare henrette dem som skylder blod eller som har begått andre større forbrytelser som vekker offentlig harme, slik som gjentatte voldtekter eller plyndring av store mengder eiendom eller som har påført nasjonen uhyre stor skade." Mao meinte at dersom ein ikkje var sikker på om ein skulle henrette eller ei, da fekk ein la vera. "Så lenge vi unngår feilaktige henrettelser trenger vi ikke bekymre oss, sjøl om borgerskapet hyler opp". 80-90 prosent av dei som fekk dødsdom i Kina blei benåda.

Vi kan ikkje stø vilkårlige drap. Ein gjør seg sjølv og revolusjonen ei bjørneteneste om ein stør feil. Jeg stør ikkje vilkårlige drap i Kampuchea, jeg går mot dei.

Men jeg er samd med LM i at vi ikkje har grunn til å moralisere. Jan Myrdal hevdar at det som har skjedd i Kampuchea vil skje om igjen og om igjen andre stader. Folk og nasjonar i den tredje verda frigjør seg, og uskyldige folk vil bli drepne. Skal vi gå mot dei nasjonale revolusjonane fordi noen blir drepne i dragsuget etter sigeren? Det ville vera heilt borte i hampen! Jeg er 100 prosent for nasjonale frigjøringskrigar mot imperialismen.

Kvar gong ein nasjon frigjør seg frå imperialismen, vil pressa skrike opp om "folkemord" og "terror". Sjå på Iran. For den borgarlige pressa i Norge er det mye, mye verre at 2-300 storterroristar blir dømde til døden, enn at sjahen samman med CIA tok livet av titusenar demokratar og opposisjonelle. Slik vil imperialismen sin falske logikk prøve å slukke alle revolusjonar.

Kva ville Lon Nol gjort?

Kampuchea er fullt av lik. Det er ikkje vanskelig for Heng Samrin å spa opp noen av dei ein million lika som USA etterlét seg.

Kva ville ha skjedd om Lon Not og USA hadde sigra? Det er viktig å reise dette spørsmålet, for det setter dei vilkårlige drapa i Kampuchea i sitt rette perspektiv. Jeg vil hevde: om Lon Nol hadde sigra, ville ein halv million, kanskje ein million mista livet. Dei ville blitt skotne, dei ville ha stroki med av sjukdom eller svolt.

Korleis kan jeg seia noe slikt? Det er dessverre nok av revolusjonar som har lidd nederlag. Dei kvite i Finland tok livet av 30.000 arbeidarar etter nederlaget i 1918. Kor mange tok Suharto livet av da han styrta den nøytralistiske Sukarno i Indonesia i 1965? Tala varierer mellom ein halv og ein hel million. Og Franco, kor mye blod hadde han på hendene da han gikk i grava? 600.000? 800.000? Revolusjonen i Kampuchea var ein av dei blodigaste i historia. Vi kan trygt rekne med at Lon Nol ville fulgt opp brotsverka til Suharto og Franco.

Verda er ikkje eit pasifistisk paradis, og vil ikkje vera det før imperialismen har trukki det siste åndedraget sitt. Det er imperialismen som skapar valden.

Hva gjør Vietnam?

Grunnen til at Vietnam og Heng Samrin pratar så høgt om "folkemordet til fascisten Pol Pot" er at dei sjølv står med blod opp til halsen. Trulig er 100.000 kampucheanarar massakrerte etter okkupasjonen. Folk som blir drivne av Vietnam inn i Thailand kan fortelja om masseslakt. Vietnam har bokstavelig talt kasta alt progressivt på båten.

Derfor må vi rope høgt: Vietnam driver folkemord i Kampuchea! Hører du? Vi kan ikkje la slikt skje utan å gjøra noe med det. Derfor: vær med og bygg opp solidaritetsarbeidet for Kampuchea!

Einskapspolitikken

Under frigjøringskrigen mot USA var det ein verkelig einskapsfront i landet, FUNK. Programmet til FUNK fortel at ein skulle "foreine og mobilisere alle sosiale klassar og lag, alle politiske parti, alle yrkes- og religiøse organisasjonar, alle patriotiske personar heime og i utlandet ..." Denne einskapspolitikken var ein av dei grunnleggande vilkåra for sigeren i 1975. Om kommunistane ikkje hadde fått med seg buddhistane, dei intellektuelle, dei nasjonale borgarane osv, ville sigeren ha kommi mye seinare, kanskje i form av ein invasjon frå Vietnam (som Vietnam hadde planar om på den tida).

Under krigen var dei intellektuelle først vaklande for Lon Nol, så var dei vaklande for frigjøringsfronten. Det var store streikar på universitetet i Phnom Penh dei siste åra av krigen. Straks etter frigjøringa blei dei intellektuelle med ut på landsbygda. Etter mi meining var det rett å la dei slite på rismarka den første tida, sia matsituasjonen var så prekær. Men frå 1976 var det mat nok i landet.

Jeg vil hevde at politikken med å la dei intellektuelle jobbe på rismarka heile året etter 1976 var feilaktig. Folk i regjeringa og i sentraladministrasjonen arbeida trulig på rismarka ein par månader i året. Det er ein fin politikk. Men heile året er ikkje så bra. Dei intellektuelle var ein viktig ressurs i Kampuchea som i alle andre land. Det var ikkje for mange av dei, det var for få.

Bøndene

Eit omstridt spørsmål for tida er den politikken Pol Pot hadde til bøndene. 20. mai 1973 starta offisielt kooperativkampanja. 5. januar 1976 blei grunnlova offentliggjort. Her står det i kapittel 2: "Alle viktige eigedomsmiddel er kollektiv eigedom til folket og organisert i fellesskap." Dette og andre opplysningar gjør det rimelig å tru at kollektiviseringa var avslutta da grunnlova blei vedtatt. Jeg er samd med LM at HHN sin artikkel er svak, at ME gjør det betre.

LM påstår at kollektiviseringa "gikk svært raskt og lett" (Røde Fane nr 5-6, 1978). Dette gjentar han i nr 4, 1979: "Jeg har den oppfatninga at kollektivsystemet fungerte bra for bøndene før 1979".

Det som undrar meg er at LM ser så udialektisk på bøndene. Han seier sjølv i den første artikkelen sin at "jeg ... (har) mye mer kunnskap enn det store flertall av de som i utlandet har skrivi og diskutert om den kampucheanske økonomien". Det er jo ikke måte på smålåtenhet. 85 prosent er altså bønder, dei er ei homogen gruppe og dermed er alt sagt, ser det ut som LM meiner. Hou Youn skilde gruppene på landsbygda slik i boka si:

% av befolkninga % av den dyrka marka
Jordlause med små jordlappar
35
6
Fattige bønder
18
10
Mellomstore bønder (2-5 hektar)
33
38
Rike jordeigarar (over 5 hektar)
14
46
1 hektar = 10 mål

Dei jordlause var halvproletarar. Dei måtte ha seg eit eller anna arbeid ved sida av for å klare seg. Fattigbøndene og mellombøndene var småborgarar, sjølv om det er klare skilnader mellom dei to gruppene. Dei rike bøndene er nasjonale borgarar. Dei var med å utbytta dei andre bøndene, særlig dei jordlause.

Alle desse klassane stødde frigjøringsfronten, men soldatane i frigjøringshæren blei rekruttert frå dei eigedomslause og frå fattigbøndene. At bøndene fekk bomber i hovudet kan jeg ikkje sjå hadde noe særlig å seia for klassestrukturen på landet. Jeg trur det var heilt rett å starta kooperativkampanja i 1973. Men dermed er det ikkje sagt at alt gikk skikkelig for seg. Alle dei fire gruppene på landsbygda hadde forskjellige haldningar til å danne kooperativ. Dei jordlause som var den største gruppa, var heilt for. Det samme var fattigbøndene. Desse gruppene fekk jord enten av rike jordeigarar som hadde flykta frå dei frigjorte områda, eller av dei gjenverande rike bøndene. Før kooperativkampanja hadde det heilt sia statskuppet i 1970 vori "solidaritetsgrupper for gjensidig hjelp".

Rikbøndene mista jord, dei fattige fekk. Det er enda for lite materiale til å vera stor i kjeften og komma med skråsikre påstandar på korleis reaksjonane var og kva som skjedde i meir detalj. Likevel vil jeg påstå: Særlig dei rike bøndene, men og i ein viss grad mellombøndene var nok ikkje så glade for å danne kooperativ.

Det "kinesiske skjemaet" ubrukelig i Kampuchea", er et riktig poeng i artikkelen til LM. Med det må vi forstå at Kampuchea er så særeigen at dei ikkje kunne bruke røynslene frå Kina. At Mao var bra (?) i Kina, men ubrukelig i Kampuchea. Når det gjelder kollektiviseringa, argumenterer han for dette synet i artikkelen sin.

Alle er vel samde om at Kina og Kampuchea ligger på to forskjellige plassar på verdskartet, at det ikkje går å overføre røynsler frå den eine til den andre mekanisk. Likevel meiner jeg at folk i den tredje verda kan læra svært mye om sosialistisk oppbygging av Mao. Bl.a. ein slik ting at ein ikkje skal presse kollektiviseringa av gruppene som tilsvarer rikbønder og mellomstore bønder, for fort. Vi må vera varsamme med å helle ut marxismen med dogmatismen.

Einskapsfronten

Er einskapsfronten noe som bare gjelder i ein krigssituasjon? Så vidt jeg forstår bryr ikkje LM seg noe om einskapsfronten i fredstid. Mao pekte på at det var to alliansar i Kina etter 1949. Alliansen mellom arbeidarklassen og bøndene, og alliansen mellom arbeidarklassen og det nasjonale borgarskapet.

La oss høre på Mao: "Sjøl etter at oppgava med å kjempe mot imperialismen og føydalismen i hovedsak er fullført, må vi fortsatt holde på alliansen med det nasjonale borgerskapet ei viss tid. Det vil vi vinne på når det gjelder å hanskes med imperialistiske angrep, å utvikle produksjonen og stabilisere markedet og også når det gjelder å vinne borgerlige intellektuelle over til oss og omdanne dem".

Var det noe som bare gjaldt Kina ei viss tid i 50-åra og ikkje kan brukas andre stader enn da og der? Var det ikkje rett i Kina heller, sia LM nemner at Stalin ikkje var samd med Mao om det nasjonale borgarskapet? Jeg meiner dette er eit marxistisk prinsipp som har vist seg å passe ikkje minst i Kampuchea.

Kanskje blei dei litt store på det i Kampuchea i 1975 og trudde dei kunne sigre over alle som prøvde å trenge over grensa. I alle fall var dei klar over alt i 1975 at både USA og Vietnam hadde planar om å angripe Kampuchea. Ein betre einskapspolitikk ville ha styrka forsvaret.

Det samme gjelder med buddhistane. Dei hadde vori med i FUNK under krigen. Men i den nye grunnlova blei alle religionar som var reaksjonære (og kven er ikkje det?) forbodne. Det var den samme feilen som dei gjorde i Albania. I den situasjonen som er nå, trenger Kampuchea sårt støtta frå buddhistane.

Hovudmotseiinga

Kompradorborgarskapet, altså den delen av borgarskapet som var for imperialismen, og føydalistane blei slegne i og med sigeren 17. april 1975. Hovudmotseiinga i landet blei da på den eine sida arbeidarklassen, på den andre sida det nasjonale borgarskapet. Dette er ei antagonistisk motseiing. Men ein trong ikkje løysa denne hovudmotseiinga på samme måte som motseiinga mellom borgar og arbeidar i Norge, ved ein væpna revolusjon. Erfaringa frå Kina og andre stader viser at det er best å lirke det nasjonale borgarskapet med seg i den sosialistiske oppbygginga.

Pol Pot gikk for fort fram med kollektiviseringa. Han neglisjerte einskapen mellom arbeidarklassen og dei fattige bøndene på den eine sida og det nasjonale borgarskapet på den andre. Dette gjorde at regjeringa fekk fleire fiendar enn ho trong. LM har store illusjonar når han seier at det går strålande i frigjøringskrigen mot Vietnam. Sanninga er at det ikkje går så fint, at det er ein god del problem. Ikkje minst har dei problemet med å skape ein ny einskapsfront. Ieng Sary har den seinare tida i fleire intervju kommi med ein slags sjølvkritikk mot den tidligare politikken og opna for ein ny einskapspolitikk. Den skal ikkje bare gjelde under den pågåande folkekrigen mot Vietnam, men og etter den kommande sigeren. Det skal vera blandingsøkonomi, sa Ieng Sary. Det nasjonale borgarskapet skal få attende eigedomsretten. Den offisielle lina til Kampuchea etter frigjøringa er at det ikke har vori eit nasjonalt borgarskap. Det var bare arbeidarar og bønder. Klassekampen foregikk bare innad i det kommunistiske partiet som linekamp mellom ei borgarlig og ei proletær linne, ikkje mellom arbeidarklassen og det nasjonale borgarskapet. Jeg skulle likt å høre kva LM meiner om at det ikkje var eit nasjonalt borgarskap i Kampuchea 1975-79, og korleis han ser på dei nye tonene frå Ieng Sary.

Skal vi ta avstand frå Pol Pot?

Det reiser seg røyster på venstresida som vil fordømme Pol Pot. Dei sammanliknar han med Wang Ming og ultravenstre-feila hans, dei kallar Kampuchea for "statsføydalisme". Jeg kan ikkje vera med i eit slikt kor. Jeg har pekt på ein del ting jeg ser på som feil, og jeg kan peke på fleire om det trengs. Men heilskapen i politikken til Pol Pot har vori god. Jeg meiner Kampucheas kommunistparti er framskredent når det gjelder militærspørsmål og masselinne. Kva har dei ikkje oppnådd i dei dryge 3½ åra dei fekk styre i fred? Pol Pot klarte å brødfø Kampuchea på kort tid. Landet var i ferd med å eksportere ris. Folk lærte å lese og skrive. Malariaen som heldt på å ta knekken på dei, blei slått effektivt tilbake. Folk fekk nye hus. Dei fleste såg med stor tiltru på framtida. Kampuchea var eit strålande eksempel for den tredje verda spesielt.

Kva for plass skal Pol Pot ha i den nye solidaritetsrørsla i Norge?

Jeg stør Pol Pot. Men det er eit faktum at dei fleste ikkje gjør det i Norge. Derfor kan vi ikkje stille som krav til folk som skal vera med i den nye solidaritetsrørsla at dei har samme synet som meg. Jeg meiner at vi må la tida tale sitt eige språk. Fronten må stå på det prinsippet at folket i Kampuchea sjølv må bestemme kven som skal leie dei. Nå fører Pol Pot folkekrig mot Vietnam. Denne folkekrigen må vi stø. Om det er andre i Kampuchea som dukkar fram og slåss mot Vietnam, må vi stø dei med. Vi må samle alle dei i Norge som er mot den vietnamesiske okkupasjonen av Kampuchea og som er for at folket i Kampuchea skal styre si eiga framtid.